Velkomen til Stranda frivilligsentral

Frivilligsentralen i Stranda skal vere med å gjere Stranda kommune til ei endå betre kommune å bu i. Sentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte frivillig innsats i lokalsamfunnet, og dei som ønskjer å ta i mot slik innsats.

Frivilligsentralen skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og det offentlege.

Vi brenn for at folk skal møtast og inspirere kvarandre. Å engasjere seg gjennom frivillig innsats gjev både noko til andre og tilbake til deg sjølv. Alle kan bidra og mange treng ei hand.

Kva skjer

Dato Kl. Tittel Sted
Søn 21.04 17:00 HJERTESLAG SAMLING Kyrkjegata 23
Man 22.04 11:00 Seniornett klubbmøte Kyrkjegata 23
Man 22.04 16:00 BUA Stranda open Stranda frivilligsentral
Man 22.04 18:00 Åpen hall Vestborghallen
Ons 24.04 16:00 BUA Stranda open Stranda frivilligsentral

Aktivitetar

Her finn du litt informasjon om dei ulike aktivitetane sentralen arrangerer. Klikk for meir info.

Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .

Les mer

BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.

Les mer

Det blir nok ein gong underhaldning og servering ved Strandastova på omsorgssenteret.

Les mer

Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.

Les mer

Open hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.

Les mer

Språkkafé er ein sosial møteplass for menneske som ønskjer å praktisere norsk, samt bli betre kjent med andre menneske lokalt i sitt nye lokalsamfunn.

Les mer

Stikk UT! er Norges største turregistreringsportal og du finn fleire StikkUT! postar i Stranda kommune.

Les mer

Vi møtast på frivilligsentralen annakvar torsdag kl. 11:00 i oddetalsveker.

Les mer

Bli frivillig

Kunne du tenkje deg å engasjere deg og bidra med noko? Ta gjerne kontakt med oss dersom du har lyst å vere frivillig, så tek vi kontakt og saman finn noko som du kunne tenke deg å vere med på.

Visste du at?

Her kan du bli betre kjent med frivilligsentralen og aktivitetane og tilboda vi har. 

Andre arrangement

2024 - nytt år og nye moglegheiter!

25.april 2024 arrangerer vi eit nytt Frivillig Forum. Denne gongen på Hellesylt. Forumet blir halde på Sunnylven samfunnshus, 25.04.24, kl 19:30- 21:00. Påmelding til Ragnhild innan 22.april.

09.april 2024 er det ope møte om Naturmøteplassen på frivilligsentralen. Sjå nyheiter og kalender for meir informasjon.

23.januar 2024 arrangerer vi det aller første Frivillig forumet på Stranda. Forumet er for lag og organisasjonar og blir holdt på Storfjord Kulturhus, tysdag 23. 01, kl. 19.00 - 21.00. Påmelding til Ragnhild på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller 464 11 076 innan 18.januar. 

Vel møtt!

Om oss

Ragnhild er tilgjengeleg på frivilligsentralen kvar dag. Opningstid er kl. 09-15. Du finn oss i 2. etasje i BYRG bygget.

Ragnhild Stadheim, mob 464 11 076, ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no 

Ta kontakt eller kom innom for ein prat om kva vi kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.

Følg oss også gjerne på facebook Stranda frivilligsentral

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral