Språkkafé

Språkkafé er ein sosial møteplass for menneske som ønskjer å praktisere norsk, samt bli betre kjent med andre menneske lokalt i sitt nye lokalsamfunn.

I eit samarbeid mellom Stranda Kulturforeining og Stranda Frivilligsentral blir det invitert til Språkkafé ein gong i månaden. Det blir ulikt program kvar gong med fokus på sosiale, kjekke aktivitetar, møte mellom menneske og ei muligheit for å praktisere norsk.

Alle er velkomne – både om du er norsk eller utanlandsk! Ta gjerne med ein venn eller to, og spre ordet i dine nettverk.

Vi oppdaterer nettsida med datoar og aktivitetar så snart vi har desse på plass.

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral