-
Møte om oppstart av Naturmøteplassen
Tysdag 09.april inviterer Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd til eit ope møte om oppstart av Naturmøteplassen på Stranda.
Varierte Språkkafé aktivitetar
Språkkafé er eit tilbod for utanlandske tilflyttarar til Stranda og ei moglegheit for å praktisere norsk saman med lokale. Kombinert med sosiale aktivitetar for deltakarane moglegheit til å både ha det kjekt, møte nye menneske og lære seg språket bedre. Og variasjonen i aktivitetane er stor!I februar og mars har Språkkafé invitert til arrangement og god spredning i aktivitetane. Frå buldring i februar til akedag på Strandafjellet i mars.
Buldring i Stryn
Laurdag 18.februar drog 18 personar med minibuss til buldrehallen i Stryn. Det vart ein fysisk, sosial, utfordrande og morosam laurdag saman med klatrevande og nybyrjarar.
Akivitetsdag på Strandafjellet
Forrige søndag var 13 stykk samla til aktivitetsdag på Strandafjellet med grilling, varm drikke, snack og aking ved hoppbakken og gapahuken. Litt regn la ikkje ein demper på stemninga!
Språkkafé 14.april 2023
Neste Språkkafé blir fredag 14.april kl 18-21. Då samlast vi på Langlobøen til gode samtalar, og biljard, airhockey eller bordtennis for dei som vil det. Vel møtt!
Del på:
-
Årsmelding for Stranda frivilligsentral 2023
2023 var nok eit år med mykje god aktivitet i Stranda frivilligsentral. Om du er interessert i arbeidet vårt og det vi jobbar med i Stranda kommune, er du hjartleg velkomen til å lese årsmeldinga til Stranda frivilligsentral for 2023.
-
Første frivillig forum i regi av frivilligsentralen
Omlag 50 personar frå 25 organisasjonar deltok på det første Frivillig forumet i regi av Stranda frivilligsentral.
-
GOD JUL!
Frivilligsentralen tek juleferie frå fredag 22.desember til onsdag 3.januar. Ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
-
83 gongar rundt jorda i årets Stikk UT!
I sommarens Stikk UT! har 40 000 deltakarar registrert nær 1 million turar. Dei har tilbakelagt 3,3 million km på dei ulike turane, noko som tilsvarar 83 gongar rundt jorda. Og når Stikk UT!-deltakarane i tillegg har lagt bak seg 78 000 høgdekilometer, tilsvarer det nesten 9 000 gongar opp Mount Everest.