-
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
Open hall
Open hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.Cirka kvar tredje fredag i månaden inviterer Stranda frivilligsentral til Open hall i Stranda hallen. Alle elevar på ungdomsskuletrinnet er hjarteleg velkomne til å delta på ulike aktivitetar saman. Arrangementet varer i ca 3,5 timar, frå kl. 20-23:30. Aktivitetane blir bestemt av ungdommane sjølve og kan inkludere volleyball, basketball, fotball, air hockey, bordtennis mm. Dei kan spele musikk eller berre henge og vere sosiale.
Open hall skal vere ein lavterskel og uorganisert møteplass der fokuset er på å vere sosiale saman.
Vaksne frivillige er tilstades som støtte og hjelp til ungdommane. Rusfritt arrangement.
Del på:
-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
-
Bygdepuls
Velkomen til Bygdepuls! Første måndagen i månaden inviterer vi sosial møteplass på Frivilligsentralen. Målet med Bygdepuls er å møte nye og kjente menneske frå lokalsamfunnet. Saman kan vi bidra til å skape gode og inkluderande fellesskap. Bygdepuls er ope for alle og byr på møte mellom menneske krydra med litt enkel servering og kanskje ein liten aktivitet.
-
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
-
Naturmøteplass
Naturmøteplass er eit samarbeid mellom Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd. Naturmøteplass er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.