Velkomen til Stranda frivilligsentral
Frivilligsentralen i Stranda skal vere med å gjere Stranda kommune til ei endå betre kommune å bu i. Sentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte frivillig innsats i lokalsamfunnet, og dei som ønskjer å ta i mot slik innsats.
Frivilligsentralen skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og det offentlege.
Vi brenn for at folk skal møtast og inspirere kvarandre. Å engasjere seg gjennom frivillig innsats gjev både noko til andre og tilbake til deg sjølv. Alle kan bidra og mange treng ei hand.
Kva skjer
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Man 06.05 | 16:00 | BUA Stranda open | Stranda frivilligsentral |
Man 06.05 | 18:00 | Åpen hall | Vestborghallen |
Ons 08.05 | 12:00 | Naturmøteplass | Långhammaren |
Ons 08.05 | 16:00 | BUA Stranda open | Stranda frivilligsentral |
Ons 08.05 | 18:00 | SUPERKIDS | Stranda videregående skole |
Aktivitetar
Her finn du litt informasjon om dei ulike aktivitetane sentralen arrangerer. Klikk for meir info.
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
Les merBUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
Les merDet blir nok ein gong underhaldning og servering ved Strandastova på omsorgssenteret.
Les merSamarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
Les merOpen hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.
Les merSpråkkafé er ein sosial møteplass for menneske som ønskjer å praktisere norsk, samt bli betre kjent med andre menneske lokalt i sitt nye lokalsamfunn.
Les merStikk UT! er Norges største turregistreringsportal og du finn fleire StikkUT! postar i Stranda kommune.
Les merVi møtast på frivilligsentralen annakvar torsdag kl. 11:00 i oddetalsveker.
Les merBli frivillig
Kunne du tenkje deg å engasjere deg og bidra med noko? Ta gjerne kontakt med oss dersom du har lyst å vere frivillig, så tek vi kontakt og saman finn noko som du kunne tenke deg å vere med på.
Nyheiter
Her kan du lese om noko av det som skal skje eller har skjedd på frivilligsentralen den siste tida.
Andre arrangement
2024 - nytt år og nye moglegheiter!
25.april 2024 arrangerer vi eit nytt Frivillig Forum. Denne gongen på Hellesylt. Forumet blir halde på Sunnylven samfunnshus, 25.04.24, kl 19:30- 21:00. Påmelding til Ragnhild innan 22.april.
09.april 2024 er det ope møte om Naturmøteplassen på frivilligsentralen. Sjå nyheiter og kalender for meir informasjon.
23.januar 2024 arrangerer vi det aller første Frivillig forumet på Stranda. Forumet er for lag og organisasjonar og blir holdt på Storfjord Kulturhus, tysdag 23. 01, kl. 19.00 - 21.00. Påmelding til Ragnhild på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller 464 11 076 innan 18.januar.
Vel møtt!
Om oss
Ragnhild er tilgjengeleg på frivilligsentralen kvar dag. Opningstid er kl. 09-15. Du finn oss i 2. etasje i BYRG bygget.
Ragnhild Stadheim, mob 464 11 076, ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no
Ta kontakt eller kom innom for ein prat om kva vi kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.
Følg oss også gjerne på facebook Stranda frivilligsentral