-
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
Språkkafé
Språkkafé er ein sosial møteplass for menneske som ønskjer å praktisere norsk, samt bli betre kjent med andre menneske lokalt i sitt nye lokalsamfunn.I eit samarbeid mellom Stranda Kulturforeining og Stranda Frivilligsentral blir det invitert til Språkkafé ein gong i månaden. Det blir ulikt program kvar gong med fokus på sosiale, kjekke aktivitetar, møte mellom menneske og ei muligheit for å praktisere norsk.
Alle er velkomne – både om du er norsk eller utanlandsk! Ta gjerne med ein venn eller to, og spre ordet i dine nettverk.Vi oppdaterer nettsida med datoar og aktivitetar så snart vi har desse på plass.
Del på:
-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
-
Bygdepuls
Velkomen til Bygdepuls! Første måndagen i månaden inviterer vi sosial møteplass på Frivilligsentralen. Målet med Bygdepuls er å møte nye og kjente menneske frå lokalsamfunnet. Saman kan vi bidra til å skape gode og inkluderande fellesskap. Bygdepuls er ope for alle og byr på møte mellom menneske krydra med litt enkel servering og kanskje ein liten aktivitet.
-
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
-
Naturmøteplass
Naturmøteplass er eit samarbeid mellom Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd. Naturmøteplass er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.