-
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
StikkUT!
Stikk UT! er Norges største turregistreringsportal og du finn fleire StikkUT! postar i Stranda kommune.StikkUT! turane registrast i StikkUT! appen og du kan besøke postar i heile Møre og Romsdal.
I Stranda er ansvaret for StikkUT! lagt til frivilligsentralen med frivillige hjelparar i kvart bygdelag som opprettar turmål, lagar turbeskrivelsar og markerer StikkUT! postane.
Er du glad i gå i fjellet og ønskjer å bidra til at andre kan vere aktiv vil vi gjerne ha fleire engasjerte hjelparar i StikkUT! :)
Del på:
-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
-
Bygdepuls
Velkomen til Bygdepuls! Første måndagen i månaden inviterer vi sosial møteplass på Frivilligsentralen. Målet med Bygdepuls er å møte nye og kjente menneske frå lokalsamfunnet. Saman kan vi bidra til å skape gode og inkluderande fellesskap. Bygdepuls er ope for alle og byr på møte mellom menneske krydra med litt enkel servering og kanskje ein liten aktivitet.
-
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
-
Naturmøteplass
Naturmøteplass er eit samarbeid mellom Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd. Naturmøteplass er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.