-
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
Open hall
Open hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.Ein gong i månaden inviterer Stranda frivilligsentral til Open hall i Stranda hallen. Alle elevar på ungdomsskuletrinnet er hjarteleg velkomne til å delta på ulike aktivitetar saman. Arrangementet varer i ca 3,5 timar. Aktivitetane blir bestemt av ungdommane sjølve og kan inkludere volleyball, basketball, fotball, air hockey, bordtennis mm.
Vaksne frivillige er tilstades. Rusfritt arrangement.
Del på:
-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
-
Kafe 60+
Det blir nok ein gong underhaldning og servering ved Strandastova på omsorgssenteret.
-
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
-
Språkkafé
Språkkafé er ein sosial møteplass for menneske som ønskjer å praktisere norsk, samt bli betre kjent med andre menneske lokalt i sitt nye lokalsamfunn.