Visste du at Natteravnsordninga er ein av dei eldste aktivitetane til Stranda frivilligsentral?

Heilt sidan 1996 har Stranda frivilligsentral organisert Natteravnar i Stranda tettstad. Ei ordning som lever i beste velgåande i dag i samarbeid med FAU på Stranda ungdomsskule, forsikringsselskapet TRYG og frivilligsentralen.

Kva er Natteravnordninga?

Å vere natteravn går kort og godt ut på at det er edru vaksne personar til stades der ungdom oppheld seg. Natteravnane gjer ein viktig jobb, berre ved å vere til stades og eventuelt snakke med ungdommen. 

På Stranda er det foreldre i 8. og 10. klasse som går natteravn, og dette er eit svært viktig samarbeid for oss i frivilligsentralen. Natteravnane blir satt opp på vakter i samband med aktivitet på Stranda. Det er flest vakter knytt til Open hall i Strandahallen, men dei er også ute i samband med 1.mai, 16.mai, Juleball og andre større arrangement i Stranda tettstad.

Ravnane går runder på populære stadar i Stranda, og har høve til å ta pauser på frivilligsentralen. Gruppene er satt opp med fire stykk per ravning, og ein skal aldri gå aleine. Ein må bere vest eller jakke med tydleg merka Natteravn under vakta.

Ønska av ungdommen

Tilbakemeldingar viser at ungdommane opplever det som ei tryggheit, og dei set pris på at natteravnane er ute. Rolla er viktig, og ein skal ikkje gripe inn, men ta kontakt med politi om nødvendig.

Natteravnane er ute for å gjere Stranda til ein trygg stad for alle og skape forståing for at det er viktig med gode haldningar og grensesetting. Natteravnane har eit viktig samfunnsansvar og er tydelege rollemodellar for ungdommane.

Tusen takk for den viktig jobben de gjer for ungdommane på Stranda! :)

2024 © Stranda frivilligsentral