Visste du at frivilligsentralen har koordinert TV-aksjonen sidan 2005?

Kvart år arrangerer NRK TV-aksjonen til inntekt for gode formål. Årets aksjon er til inntekt for Redd Barna og deira arbeid retta mot barn ramma av krig og konflikt. Stranda frivilligsentral har i ei årrekke bidrege i den kommunale komiteen med organisering av bøsseberarar og innsamling av pengar på sjølve aksjonsdagen.

Innsamla midlar i 2022 

I 2022 samla Stranda totalt inn 272.401,-. Dette inkluderer både kommunen sitt bidrag, skuleløp på Ringstad skule, næringsliv, private og ikkje minst bøssene. Tala viser tydleg at bøsser har stor betydning for det innsamla beløpet. Grafen viser også ei kraftig auke frå 2019 som var det siste normal året med bøssebering. I 2020 og 2021 var det digital bøsseinnsamling. 

Årets TV-aksjon søndag 22.oktober 

Aksjonen har som mål å bidra til at meir enn 100 000 barn skal få moglegheit til å leike, lære og leve i fred. 

Pengane frå TV-aksjonen går blant anna til: 

  • å gi barn moglegheit til å gå på skulen 
  • å føre barn saman med familien dei har kome bort frå 
  • å støtte tidlegare barnesoldatar 
  • trygge leikeområde der barn kan utfolde seg 
  • hjelp til å handtere vonde opplevingar 
  • at barn som har flykta til Norge, får ei aktiv fritid 

 

Korleis kan ein bidra? 

Søndag 22.oktober mobiliserer heile landet til TV-aksjonen på NRK og cirka 7000 frivillige og 100 000 bøsseberarar bidreg til innsamlinga. I Stranda kommune er det Stranda frivilligsentral saman med Ordførar og varaordførar som utgjer komiteen for TV-aksjonen.  

Litt av essensen i TV-aksjonen er møte mellom menneske på sjølve aksjonsdagen. Enkelte har venta nettopp på dette besøket. Bøsseberarane er såleis svært viktige for å nå ut med både bodskapet og engasjementet.    

I Liabygda organiserer Helselaget dei frivillige, og i Sunnylven organiserer Hellesylt Ungdomslag bøsseberarar. I Geiranger er det også organisert av frivillige. For Stranda tettstad blir bøsseberarane organisert gjennom frivilligsentralen. 

Kommunen har totalt cirka 70 bøsseberarar og 20 sjåførar ute denne søndagsettermiddagen. Sparebanken Møre Stranda stiller opp og bidreg med oppteljing av dei innsamla midlane. 

Vi treng fleire bøsseberarar og sjåførar på Stranda og du er hjarteleg velkomen til å bli med. 

Ta kontakt med Ragnhild Stadheim på ragnhild.stadheim@stranda.kommune.no eller 46411076. 


2024 © Stranda frivilligsentral