Mandag 28 Oktober 2024
Kl. 19:00 - 21:00, Storfjord Kulturhus
Bokbad med Margreth Olin: "Song til mor"
Etter strålande kritikkar og gode salstal, vil forfattaren snakke om boka "Song til mor" og om filmen "Fedrelandet". Vi får òg høyre om oppveksten og kva lokalmiljøet og dei næraste har hatt å seie for karrieren til kunstnaren. Det blir høve til å kjøpe signert bok. Billettar i døra: 100 kr. Halv pris for medlemmar i mållaget.

Margreth Olins mor har aldri vore som andre mødrer. Kanskje skulle ho ha vore kunstnar sjølv. Ho arbeidde på handelslaget, det var ein kunst, det òg. Ho var fylt av song og kjærleik. Etter tretti år som filmskapar vert Margreth overmanna av livet og veit ikkje korleis ho skal takle det. Som alltid reiser ho heim for å søkje råd hos foreldra sine. Resultatet er filmen "Fedrelandet", men slutten blir ikkje som ho hadde tenkt. "Song til mor" er ei øm forteljing om livslang kjærleik - til naturen, til kunsten, til mor og far.

Margreth Olin (f. 1970)  er ein av Noregs mest kritikarroste og prisvinnande filmskaparar. Olin står bak dokumentarfilmar som Mannen fra Snåsa, Barndom, Engelen, De andre og Fedrelandet, og ho har vunne ei rekkje filmprisar, inkludert fem Amanda-prisar og to Gullruten-prisar. Song til mor er Olin sin skjønnlitterære debut.

2025 © Stranda frivilligsentral