Torsdag 1 Mai
Kl. 09:00, Oppmøte Stranda fergekai eller rasteplassen på Eide
Topptur til Solskaret, Vindshornet og Nonshornet, Eidsdal
Bli med Strand Turlag på topptur til Solskaret, Vindshornet og Nonshornet

Vanskegrad: 4 stavar

OppmøteStranda fergekai kl. 09.00 evt. rasteplassen på Eide

Total turtid: Omlag 6 timar


Turleiarar

Lisbeth Koppang, tlf. 954 87 726

Geir Koppang


Turbeskrivning

Turen til Solskaret går i hjartet av verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Toppen ligg på kanten ut mot Sunnylven, og her er eit svært flott utsyn. Vi startar på rasteplassen på Eide, like ved Eidsvatnet. Her er det god parkeringsplass. Vi går først sørover langs vatnet før oppstigninga til Eidsheia. Denne etappen er den brattaste på turen, og ein reknar gjerne ein times tid opp hit. Frå Eidsheia held vi fram langs ryggen vidare mot vest. Etter eit stykke kjem vi til botnen av stigninga opp til Oaldsvatnet. Her deler ruta seg og vi dreiar innover dalen, ikkje opp mot

Oaldsvatnet. Frå Solskaret følger vi ryggen til toppen av Vindshornet. Her renn vi eit stykke ned før vi startar å fylgje ein slak rygg opp til Nonshornet. Herifrå vil vi få ei flott nedfart ned igjen til parkeringsplassen.


På denne turen treng du toppturutstyr, skredsøkar, søkestang og spade. Stranda Turlag er ikkje ansvarleg for skadar eller uhell som turdeltakarane kan bli utsette for. Sørg for å ha med deg rett og nok utstyr, bekledning, mat og drikke. 


OBS! Har du spørsmål i forbindelse med turen ta kontakt med turleiar eller Stranda Turlag. Vi gjer oppmerksam på at vêrmeldingar og andre forhald kan føre til at turen bli flytta eller avlyst. Dette og andre oppdateringar blir formidla på arrangementet for turen på Facebook. 


Denne turen er gratis, slik dei fleste av turane våre er, men vi sett stor pris på om du vil bli medlem av Stranda Turlag for å støtte arbeidet vårt. 


For å bli medlem i Stranda Turlag: 

Pris enkeltmedlem/familie: 200kr/år

Vipps: 507231

Kontonr. 4030.07.07736

2025 © Stranda frivilligsentral