Tirsdag 1 April
Kl. 19:00 - 20:00, Storsalen, Storfjord Kulturhus
Odelsskam - Forfattarmøte med Maria Lavik
Velkomen til forfattarmøte med Maria Lavik tysdag 1. april! Ho kjem til Stranda for å snakke om den nye boka si "Odelsskam: å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar". Gratis og ope for alle.

«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.

Maria Lavik (f. 1984) er forfattar og journalist, oppvaksen i Eksingedalen og busett i Oslo. Lavik har erfaring frå NRK, Klassekampen og Vårt Land. I 2021 gav ho ut sakprosaboka "Vi, dei fattige: Åtte forteljingar om barnefattigdom".

Arrangementet er ein del av Litteraturhus i Møre og Romsdal. Det er gratis og ope for alle. Velkomen!

2025 © Stranda frivilligsentral