Onsdag 2 April
Kl. 18:00 - 19:00, Storsalen, Storfjord Kulturhus
"Natur som energikjelde" med Merete Rønneberg
2025 er friluftslivets år, og i samband med dette inviterer DNT Sunnmøre, Sunnmøre Friluftsråd og folkebiblioteka til ei rekke gratis inspirasjonsføredrag over heile Sunnmøre. Til oss kjem Merete Rønneberg med føredraget "Natur som energikjelde" onsdag 2. april.

Merete har vakse opp på Sunnmøres høgastliggande gard, med naturen som leikegrind. Frå ho var lita har ho vore mykje ute, og i ungdommen vart det utdanning innanfor idrett og friluftsliv. Ho har skrive to turbøker frå Sunnmøre, i tillegg til barneboka om Gaute Gneis, der vi vert kjende med geologifaget på ein ny og leiken måte. Merete er tilsett som formidlingsleiar i Verdsarvstiftinga i Geiranger, og i det daglege arbeider ho med mellom anna naturvenleg tilrettelegging, og formidling av natur- og kulturverdiar.

Arrangementet er gratis og ope for alle, men hugs å melde deg på her:
Foredrag: Natur som energikjelde ved Merete Rønneberg

2025 © Stranda frivilligsentral