Lørdag 24 Mai
Kl. 20:00 - 02:00, Storfjord Kulturhus
Konsert / fest med Det beste alternativet
DET BESTE ALTERNATIVET er eit event- og partyband som har fungert som garantist for god stemning sidan bandet såg dagens lys i 2014. Som ei forlenging av Stranda Bygdepride som startar tidleg denne dagen, vert dette eit fyrverkeri av ein konsert og fest! Kom og bli med!

Vepna med eit repertoar beståande av tidlause låtar helit tilbake frå 50-tallet og fram til dagen sine radiohits (frå Elvis til Miley Cyrus), kombinert med evna til å lese sitt publikum, sørgar bandet alltid for å blidgjere alle aldersgrupper, fylle dansegolvet, og få salen med på ljomende allsong!

Bandet har i praksis status som husband hos fleire større bedrifter på firmafestar, og er også kjende som "afterparty-bandet" under Tahiti-festivalen i Kristiansund, kor de har spelt for fulle hus i 8 år på rad.

I storsalen vert det ein del småbord og stolar, god plass til å danse og bevege seg på, og open bar.

Dørene opnar kl. 20.00 og bandet kjem på mellom 21.00-22.00.

Aldersgrense 18 år.


2025 © Stranda frivilligsentral