Dette fortel Lena Fet om konserten:
-No kan eg fortelje noko kjekt, om eit stort prosjekt for meg, rett og slett ein draum i oppfylling. Eg skal endeleg få gjennomføre ein Eva Cassidy konsert saman med flotte songarar og musikarar.
Eva Cassidy var ei av dei store mix voice songarane, og ho gjekk ikkje på noko songundervisning. Ho var ei av desse naturlege songarane. Eg trur ho aldri skjønte kor flink ho var, ho sleit stadig med dårleg sjølvtillit og likte best å stå lengst bak i bandet, eller å stå i mørket.
Cassidy vart dessverre ikkje kjend før etter sin død, og det gjer leit å vite at ho ikkje fekk oppleve suksessen. Ho hadde nok turnert verda rundt og blitt ei enda større stjerne.
Under konserten, så skal eg snakke litt om livet til Eva Cassidy, mellom, og gjennom songane. Kvar song har si historie. Eg hadde aldri klart å gjennomført konserten åleine, så eg er glad for å ha med alle dei fantastiske songarane og musikarane. Mange av dei veit ikkje kor dyktige dei er, slik som Eva Cassidy?