Onsdag 10 September
Kl. 12:00 - 14:00, Långhammaren, Stranda
Naturmøteplass
Velkomen til Naturmøteplass på Långhammaren annakvar onsdag i oddetalsveker frå kl. 12-14. Vi fyrer i bålpanna og serverer varm drikke og litt kjeks.

Bålet brenn og kaffien er klar (og gratis) annakvar onsdag i oddetalsveker frå kl. 12-14 på Långhammaren på Stranda. Blide vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, spanderer varm drikke og slår gjerne av ein prat.

Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der folk både kjem seg ut på tur og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. Tilbodet er til personar i alle aldrar som er ledig på dagtid.

 

2025 © Stranda frivilligsentral