Lørdag 27 September
Kl. 12:00 - 14:00, Geiranger kyrkje
Nynorsk salmebok 100 år
I 2025 er det hundre år sidan Nynorsk salmebok blei utgitt – eit verk som har sett djupe spor i både kyrkjeliv, språk og musikktradisjon i Noreg. Den nynorske salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for nynorsken som samfunnsberande språk.

Nynorsk salmebok var i si tid eit resultat av både språkstrid og strategi. Anders Hovden og Bernt Støylen, begge frå Sunnmøre, var sentrale aktørar både på vegner av kyrkja og nynorsken.
Dette arrangementet markerer jubileet med salmar, refleksjonar, og tonar som speglar både historia og aktualiteten til denne unike salmeskatten.

Markeringa er eit samarbeid mellom Stranda Mållag og Festspela i Geiranger.

Medverkande:
Skodje kyrkjekor med dirigent Tom Gontier
Per Halse, professor ved Høgskulen i Volda
Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag
Robert Coates og Gunnar Inge Eide, organistar

2025 © Stranda frivilligsentral