Onsdag
24
September
2025
Framtida til skulen angår oss alle!
Kl. 16:30 - 18:30, Aulaen på Stranda vgs
Folkemøte - Framtida for Stranda vgs og lokalsamfunna våre
Kva framtid skal Stranda vidaregåande skule ha – og kva betyr det for regionen vår?
Ordførarane i Stranda og Fjord kommune inviterer alle – elevar, foreldre, besteforeldre, næringsliv, frivillige og engasjerte sambygdingar – til folkemøte på Stranda vgs onsdag 24. september kl. 16.30.
Det blir innlegg frå ungdom, næringsliv, frivillige, politikarar og lokalsamfunnet. I tillegg blir det kulturelt innslag og servering av lokal mat – ein fin anledning til både prat, mat og mingling.
Her får du sjansen til å høyre, meine og dele di stemme om noko som rører oss alle.
Ta med naboen, vener eller familien – dette er eit møte for heile Stranda og Fjord! Trykk gjerne skal på arrangementet om du har tenkt å kome.
Bedrifter oppfordras til å stille i uniform eller andre profileringsklede. Det er også mogleg å ha stand eller å settje ut ein roll up. Det treng ikkje å stå ein person på standen. Ta kontakt med marie@dennestranda.no for å melde i fra dersom de ønsker å ha stand.
Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne!
Les meir og hald deg oppdatert på Facebook arrangementet. Del gjerne!
https://www.facebook.com/events/805700468594933
Del på:
Flere kalenderoppføringer
Lørdag 07. november 2026 kl. 10:00 - 14:00
Søndag 08. november 2026 kl. 17:00
Ennå er det håp
Mandag 09. november 2026 kl. 15:00 - 17:30
BUA Stranda open
Mandag 09. november 2026 kl. 16:30 - 18:00
Bordtennistrening
Mandag 09. november 2026 kl. 18:00