Fredag 14 November
Kl. 19:00 - 21:30, Storfjord Kulturhus
Tulljfliren
Velkomen til ein kveld med mykje humor og latter! Vi får nemleg besøk av folk og figurar som kan underhalde på rett.

Arild Riise treng neppe noko grundig introduksjon; journalist, programleiar i NRK, og nyheitsanker i TV2 sidan 2010. Forfattar av fire bøker, og ein dokumentarfilm som handla om skredulukka i 1968 på Riise i Sæbø.

Arild Riise kan meir enn å formidle viktige nyhende, han kan også lyge og fortelje gode historier! Tulljfliren har vore arrangert ein gong tidlegare på Storfjord Kultuhus, også då med Arild Riise som hovudgjest. Den gongen var det stappfullt hus, og så mykje tullj og fliring at det er ingen som hugsar kva årstal dette skjedde!

Som om ikkje dette var nok så får vi også besøk av eit ganske så toppa lag frå Sykkylven! 

Stand Up Påskeferga med Grete Helen Tynes, Erlend Lunde og Geir Kvalvåg har hatt ein lengre men velfortent ferie frå scenekanten, men no er dei klare for Stranda! Denne gjengen har drege fulle hus i mange år med Stand Up, revy og galskap.

2025 © Stranda frivilligsentral