Bjørn Sundquist spelar oberst Birger Eriksen når me møtar han på Oscarsborg festning før det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940. Oberst Eriksen er ein erfaren, men sliten offiser, prega av gjentekne avslag på forsøk på å ruste opp ein nedprioritert reservefestning med få, uerfarne soldatar, og gamalt utstyr. Når meldingar om ukjende skip i Oslofjorden kjem inn natt til 9. april, får han ingen klare ordre frå overkommandoen. Dirfor bestemmer han seg for å handle raskt og målretta og førebur mannskapet sitt på å opne eld mot kryssaren som viser seg å vere Blücher.
Filmen vekslar mellom dei dramatiske timane på Oscarsborg og eit mindre kjend etterspel i 1946, der Eriksen må forsvare vala sine for ein militær undersøkingskommisjon. Var dømekrafta hans god nok? Var det rett å trasse militære ordre og angripe eit framand skip? Og kvifor sto han åleine med ansvaret i møte med den tyske krigsmaskinen?