Onsdag 8 Oktober
Kl. 19:00 - 21:15, Storfjord Kulturhus
Kino: Affeksjonsverdi
Affeksjonsverdi, regissert av Joachim Trier, er Noreg sin Oskerkandidat! Filmen er eit varmt portrett av ein familie i Oslo, der også huset dei har budd i generasjonar blir ein viktig karakter.

Affeksjonsverdi følgjer skodespelaren Nora (Reinsve) og systera hennar, Agnes (Lilleaas) når den karismatiske faren deira, Gustav (Skarsgård), brått dukkar opp i liva deira att etter langvarig fråvær. Gustav var ein gong ein kjent filmregissør og ynskjer no Nora i hovudrolla i det store comebacket. Å jobbe med faren er det siste Nora kan tenkje seg. Ho takkar nei og inn trer den amerikanske skodespelaren Rachel Kemp (Fanning) som kjem til Noreg for å spele rolla Gustav skreiv til Nora. 


Brått må dei to systrene ikkje berre forhalde seg til far sin – dei får også ei Hollywood-stjerne tråkkande rundt i barndomsheimen, midt i det personlege dramaet til familien.

Aldersgrense 9 år.

2025 © Stranda frivilligsentral