Tirsdag 30 Desember
Kl. 16:00 - 17:30, Storfjord Kulturhus
Kino: Flåklypa - fra Paris til pyramidene
Eit splitter nytt og ellevilt kapittel i Kjell Akrust sitt elska Flåklype-univers er på veg! I romjula kjem “Flåklypa - fra Paris til pyramidene” på kino, og vi gler oss!

I filmen legg Solan og Ludvig ut på eit bilrace utan sidestykke, og det finns sjølvsagt berre ei kjerre som er god nok for gutta: Il Tempo Gigante! Vi kjem inn i Reodor sin garansje, der det legendariske beistet vert avduka for aller første gong på 50 år. Oppfinnaren byg dessutan på ein grundig, kanskje litt overentusiastisk (?) gjennomgong av bilen sine nye og snedige funksjonar - og Elon Musk, du har med dette møtt din overmann!

Når Solan og Ludvig fyrer opp motoren i Paris, har dei mellom anna på seg platåsko for stutte sjåførar, makuleringsmaskin for trafikkbøter - og selbuvottar i same mønster som dekka. Med det grepet skal det godt gjerast å skli av vegen, eller?


Tillete for alle

2025 © Stranda frivilligsentral