Jaudå! Det vert Strandaquiz´n denne jula også! Trass i at den eine i quizmeisterduoen har valt å reise bort i romjula. Leidulf har fått innvilga permisjon, og kven veit, kanskje er dette det dummaste valet han har gjort?! Fordi; inn frå sidelinja, som vikar, kjem Torbjørn “Tobben” Langlo! Ein artig pratmakar med enno mindre filter enn Leidulf 🙈😅
Paul Ivar er trufast, og tradisjonen tru så kjem han nok garantert til å utfordre deltakarane på LITT sær musikk!
Kategoriane er ellers mykje same som tidlegare; sport, geografi, historie, kultur, lokale tema, litteratur, verda i dag og musikk.
Kven veit, Leidulf? Kanskje du aldri klarar å spele deg inn att på laget?!