Onsdag 15 Oktober
Kl. 19:00 - 21:00, Storfjord Kulturhus
Jubileum Stranda Turlag og foredrag med Cecilie Skog
Stranda Turlag feirar 40år med gratis foredrag med Cecilie Skog. OBS! Påmelding. 

I sjølvaste Friluftslivets år vert Stranda Turlag 40 år! Dette skal sjølvsagt feirast med jubileumsmarkering på Storfjord Kulturhus.


Vi får besøk av Cecilie Skog, med foredraget “Cecilies verden”


Her får du bli med på mange spennande turar! Vi skal til Polhavet, frå kysten av Canada, over havisen mot Nordpolen. Ho tek deg også med på ein lang skitur gjennom det store isaude Antarktis, over Sydpolen, då ho kryssa kontinentet frå kyst til kyst, frå noember 2009 til januar 2010. På slutten av denne turen kunne ho gå ned den mektige Axel Heibergbreen, og ut på havisen, nesten 100 år etter at Amundsen gjekk opp same veg.


Dette er eit foredrag om turglede, meistringskjensle, meninga med livet, og om det å følgje draumane sine.


Gratis inngang – takka vere gode sponsorar og midler frå eiga «jubileumskasse».


Sjølv om arrangementet er gratis så ønsker ein av praktiske omsyn at ein melder seg på. 

Link til påmelding: https://forms.gle/1np9iHSet8z4QqRg6


2025 © Stranda frivilligsentral