Fredag 16 Januar
Kl. 20:00 - 23:30, Strandahallen
Open hall
Velkomen til årets første Open hall! Ein lavterskel møteplass for elevar på ungdomsskulen. Rusfritt arrangement. Her kan ein spele volleyball, basket, fotball, air hockey, bordtennis og musikk. Eller berre henge saman med vener og jamngamle. Vaksne er frivillig støtte for ungdommane.

Cirka kvar tredje fredag i månaden inviterer Stranda frivilligsentral til Open hall i Stranda hallen. Alle elevar på ungdomsskuletrinnet er hjarteleg velkomne til å delta på ulike aktivitetar saman. Arrangementet varer i ca 3,5 timar, frå kl. 20-23:30. Aktivitetane blir bestemt av ungdommane sjølve og kan inkludere volleyball, basketball, fotball, air hockey, bordtennis mm. Dei kan spele musikk eller berre henge og vere sosiale. 

Open hall skal vere ein lavterskel og uorganisert møteplass der fokuset er på å vere sosiale saman.

Vaksne frivillige er tilstades som støtte og hjelp til ungdommane. Rusfritt arrangement. 

2026 © Stranda frivilligsentral