Fredag 20 Februar
Kl. 19:00 - 23:00, Kyrkjegata 23 (4. etasje Byrg-bygget), inngang frå Sjøgata.
Velkomen til venneaftan hos loge Friaren fredag 20. februar kl. 1900

 Antrekk: normalt fint.
 Kanskje er du nyinnflytta til Stranda og ønskjer eit nettverk på den nye bustaden din, eller du er ein travel småbarnsfar som ønskjer eit lite pusterom frå kvardagen? Eller er du berre søkjande og på utkik etter noko sosialt og givande?

KVEN ER VI?

Annankvar torsdag møtest ca 40 stk. i lokala våre - og det har vi gjort meir enn 400 gongar sidan Friaren starta her på Stranda i 2000.

Medlemmane våre spenner i alder frå midt i 30 åra til "godt vaksne". Felles for oss alle er, uavhengig av alder, yrke og familiesituasjon, at vi finn stor glede i felles samvær både i losjearbeidet og andre sosiale samanhengar. Vårt einaste krav til medlemskap er at du er mann og over 21 år.

VIL DU VÆRE MED PÅ VENNEAFTAN?

Venneaftan vert halden kvart halvår, og er ein kveld der vi opnar dørene for interesserte for å kunne gi meir informasjon om oss, og dessutan svare på eventuelle spørsmål.

Om du har lyst til å vere med oss hadde det vore triveleg. Både tidlegare medlemmar og dokke som har lyst til å høyre om arbeidet vårt er hjarteleg velkomne. Ta gjerne med ein kamerat eller to.

Vi får og besøk frå ordførar Einar Arve Nordang som vil snakke om dagsaktuelle saker i Stranda kommune.

Vi serverer rakfisk og med det som høyrer til. Vi har og spekemat for dei som måtte føretrekke det.

For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med vår leiar Jack Kjølås på telefon/ sms 97164094 innan torsdag 19. mars.

2026 © Stranda frivilligsentral