Onsdag 25 Februar
Kl. 12:00 - 14:00, Långhammaren, Stranda
Naturmøteplass
Vel møtt til Naturmøteplass på Långhammaren annakvar onsdag i oddetalsveker frå kl. 12-14. Ta med deg turkoppen og gå lang eller kort rute til gapahuken. Her blir du møtt av hyggelege vertar som serverer noko varmt å drikke og en liten snacks.

Bålet brenn og kaffien er klar (og gratis) annakvar onsdag i oddetalsveker frå kl. 12-14 på Långhammaren på Stranda. Blide vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, spanderer varm drikke og slår gjerne av ein prat.

Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der folk både kjem seg ut på tur og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. Tilbodet er til personar i alle aldrar som er ledig på dagtid.

 

2026 © Stranda frivilligsentral