Onsdag 23. september 2026 kl. 08:00 - 16:00
Lørdag
28
Mars
Dette blir ein palmelaurdag med mykje innhald og mykje glede (joy!)
Vi startar kvelden med å servere lammetaco frå buffét. Vidare blir det konsert og dans med JOY!
«Joy» framleis i live - med like stor speleglede som før, og vel så det... Arnfinn, Svein Arne, Lars Egil og Sigurd er framleis med, medan Ole Bjørn, som har flytta frå Sunnmøre, er erstatta med son til Sigurd - Geir Olav Eide Drege, som har blitt ein kløppar på bass og gitar.
Denne kvelden får du også møte ANDREAS SIEM frå Stranda!
Anderas er ein musikar ein tidlegare har sett saman med andre bergensartistar, som til dømes Michelle Ullestad, Markella, Of All Things og Vulture Industries. Etter fleire år som musikar for andre sine prosjekt, har han no begynt å dyrke sin eigen musikk der han sjølv er både låtskrivar og frontfigur.
Spelelista inneheld kjende og kjære låtar frå nokre år attende, og dei aller fleste er fine å danse til. Vi satsar på fullsett sal og stor stemning når «Joy» spelar påska inn «Palmelaurdag», 28. mars.
Kl. 19:00 - 01:00, Storfjord Kulturhus
JOY - Lammetaco & konsert