Walgermo gir oss både kunnskap og latter når han viser korleis Donald si verd kan vere ein inngangsport til store klassikarar som Homer, Dante og Shakespeare. På dette arrangementet får publikum møte ein engasjert formidlar som viser korleis humor og kunnskap går hand i hand.
Alf Kjetil Walgermo, fødd 1977, kjem frå Sjøholt på Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk. Dei enkeltståande bøkene Mor og far i himmelen, Mitt bankande hjarte og Kjære søster kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen, i 2018 Du som er i himmelen, i 2020 kom Bibelens kvinner, i 2022 gav han ut Barnebibelen saman med illustratør Anna Fiske, og i 2025 kom Litteratur og Andeby - Donald Duck og bøkene. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.
Arrangementet er i regi av Litteraturhus i Møre og Romsdal, og er gratis og ope for alle. Det blir høve til å kjøpe boka etter føredraget. Velkomen!