Søndag 03. mai 2026 kl. 18:00 - 20:00
Onsdag
6
Mai
Gratis cowork hos Hygge kvar onsdag 💻☕
Kl. 08:00 - 16:00, Hygge by Uteguiden
Cowork onsdag på Hygge
Nyheit! Gratis cowork hos Hygge kvar onsdag 

Etter at det kom etterspørsel etter cowork under Denne Stranda sin Folkepub, tok Uteguiden kontakt for å få til eit tilbod – og no skjer det!
Framover kan du sitje gratis og jobbe hos Hygge kvar onsdag kl. 08:00–16:00. Ta med PC-en og jobb i trivelege omgjevnader saman med andre.
Kafeen har sal av kaffi og noko godt å bite i kl. 10:00–14:00 
Vi oppmodar også deg som har kontor ein annan stad om å ta turen innom – kanskje for å ta lunsjen her og møte andre som jobbar i bygda 
Studentar er sjølvsagt også velkomne til å kome innom for å lese eller jobbe litt!
Velkomen til ein sosial og hyggeleg arbeidsdag på Hygge!