Tirsdag 5 Mai
Kl. 12:00 - 14:00, Stranda Frivilligsentral
Språktrening
Vel møtt til Språktrening på Frivilligsentralen. Ei moglegheit til å praktisere munnleg norsk eller støtte andre i å bli betre i å snakke norsk. Ingen krav eller kompetanse nødvendig, berre eit ønske om å vere sosial og bidra til inkludering av nybosatte i Stranda kommune.

I eit samarbeid mellom Stranda Kulturforeining og Stranda Frivilligsentral blir det invitert til Språkkafé ein gong i månaden. Det blir ulikt program kvar gong med fokus på sosiale, kjekke aktivitetar, møte mellom menneske og ei muligheit for å praktisere norsk.

Alle er velkomne – både om du er norsk eller utanlandsk! Ta gjerne med ein venn eller to, og spre ordet i dine nettverk.

Vi oppdaterer nettsida med datoar og aktivitetar så snart vi har desse på plass.

2026 © Stranda frivilligsentral