Dei nye lokala ligg sentralt plassert i Stranda sentrum og har fått eit nytt og moderne uttrykk, samtidig som dei rommar alle dei aktivitetane og arrangementa som Frivilligsentralen har hatt gjennom mange år. Denne kombinasjonen håper vi vil bidra til at både dei som har besøkt oss før, og også dei som ikkje er så kjent med arbeidet vårt, vil kome innom.
Vi gler oss til å vise fram det ferdige resultatet og håper du ønskjer å feire saman med oss.