Fredag 5 Juni
Kl. 08:00 - 15:00, Næringsfabrikken i Sykkylven
Teknologifestivalen
Velkomen til Teknologifestivalen 4. til 5. juni - ein møteplass for alle som er nysgjerrige på teknologi, innovasjon, kunstig intelligens og framtidas arbeidsliv.

Denne Stranda er med i programkomiteen til Teknologifestivalen, og vi håpar å sjå mange frå Stranda på Næringsfabrikken i Sykkylven 4. og 5. juni!

Teknologifestivalen er ein møteplass for alle som er nysgjerrige på teknologi, innovasjon, kunstig intelligens og framtidas arbeidsliv. Her får du både fagleg påfyll, inspirasjon og moglegheita til å knyte kontaktar på tvers av bransjar og kommunar.

På programmet finn du mellom anna spennande innlegg om kunstig intelligens, digital utvikling, teknologi i praksis og korleis næringslivet kan møte framtidas moglegheiter og utfordringar. Torsdag kveld blir det også festivalmiddag med Strandabordet på menyen.

Dette er ei unik anledning til å få nye perspektiv og møte folk som er opptekne av mykje av det same som deg.

Sjå heile programmet og kjøp billett her: https://www.teknologifestivalen.com/

2026 © Stranda frivilligsentral