Onsdag 3 Juni
Kl. 18:00 - 20:00, Sykkylven Kino
Jannicke Mikkelsen - Noregs første astronaut
Teknologifestivalen inviterar til eit inspirerande foredrag med Noregs første astronaut!

Denne Stranda er med i programkomiteen til Teknologifestivalen 2026 og ønskjer velkomen til eit spennande publikumsarrangement på  Sykkylven Kino onsdag 3. juni!

Denne kvelden får du møte Janicke Mikkelsen som er Noregs første astronaut og ein prisvinnande filmskapar med ei heilt unik livshistorie. Frå samarbeid med NASA, Netflix og BBC til oppdrag i Arktis, under vatn og no i verdsrommet som fartøysjef på Fram2, har Janicke flytta grenser få andre har vore i nærleiken av.

I foredraget deler ho historia om vegen til verdsrommet, om mot, målbevisstheit og viljen til å satse når ingen andre trur det er mogleg. Samtidig gir ho nye perspektiv på innovasjon, teknologi, leiarskap og samarbeid.

Vi håpar mange frå Stranda tek turen til Sykkylven for å oppleve eit inspirerande foredrag med Jannicke Mikkelsen!

Kjøp billett her:
https://www.sykkylvenkulturhus.no/kulturprogram/KUL20260103

2026 © Stranda frivilligsentral