Onsdag 12 August
Kl. 12:00 - 14:00, Långhammaren, Stranda
Naturmøteplassen på Långhammaren
Vi startar opp med nye treff på Naturmøteplassen på Långhammaren. Vel møtt annakvar onsdag i oddetalsveker mellom kl. 12-14. Ein sosial møteplass for alle! Hyggelege vertar serverer noko varmt å drikke og litt i bite i.

Bålet brenn og kaffien er klar (og gratis) annakvar onsdag i oddetalsveker frå kl. 12-14 på Långhammaren på Stranda. Blide vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, spanderer varm drikke og slår gjerne av ein prat.

Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der folk både kjem seg ut på tur og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. Tilbodet er til personar i alle aldrar som er ledig på dagtid.

 

2026 © Stranda frivilligsentral