Fredag 25 September
Kl. 20:00 - 23:00, The Offline Club KveldsCafé, på Overvoll Retreat og Aktivitetsenter
SLAMPOESI med Åsmund Seip, FLOKKEN
Åsmund Seip - FLOKKEN Poeten Åsmund Seip har i mange år hatt eit brennande engasjement for flokken. For kor viktig – og utfordrande – flokken er, kva vi mistar når vi gløymer han, og korleis vi kan finne vegen tilbake til kvarandre. Åsmund er ein av Overvoll sine heidersgjestar denne jubileumshelga, og vi gler oss til å ønskje han velkomen til Overvoll.

Med poesikonserten FLOKKEN og boka med same namn tek Åsmund engasjementet sitt med på ein landsomfattande turné med intimkonsertar og møte med publikum som det er umogleg å gå frå urørt.

Sterk slampoesi, genuint nærvær, ei unik stemme og debutalbumet KJÆRLEIKSAKTIVIST, produsert av Jahn C. Gran (Inge Bremnes, Anna Kajander), blir til ein heilt spesiell miks av musikk, poesi og magi.

Åsmund Seip inviterer til ein varm kveld med openheit, glimt i auget og eit sterkt bodskap om fellesskap – ein kveld som kan gi både akutt gåsehud og ei kjensle av å høyre til i ein flokk!

Åsmund Seip er kjend frå duoen HÅP. I vår debuterte han som soloartist og er aktuell med boka FLOKKEN (Måken forlag), hans sjette diktsamling.


«Det stråler av klokskap og herlig optimisme! Åsmund Seip holder publikum i sin «varme hånd» når han åpent, ærlig og med rå tilstedeværelse formidler både det vanskelige og det vakre i livet.» 

METTE ROSENVINGE KOLDERUP, OMLIVET-DAGEN I HORTEN


Arrangementet er eitt av fleire aktivitetar under 15 års jubileumsfeiringa til Overvoll Retreat og Aktivitetsenter denne helga. Veldig kjekt om du vil være med oss denne kvelden, men send oss gjerne ei påmelding til: 40 45 70 62. 
Arrangementet er gratis å være med på og passar for passe godt vaksne folk. Velkomne!


2026 © Stranda frivilligsentral