Lørdag 26 September
Kl. 20:00 - 23:00, The Offline Club KveldsCafé, på Overvoll Retreat og Aktivitetsenter
Åpen MIC, skriveøkt og POESI med Siri Ansok
Siri Ansok – er aktuell med poesiboka "Du kan våkne når det stormer". Laurdag kveld vil Siri ta deg med inn i sitt poesi-univers . Rammene til Overvoll sitt nye Offline Club kveldsCafé konsept er perfekt for mjuk landing med poesi denne kvelden. Siri er ein av heidersgjestane på Overvoll denne helga.

Siri Ansok har nettopp gitt ut boka "Du kan våkne når det stormer" på Lyrikkforlaget. Dette er dikt som mange kan kjenne seg att i – dikt som både kan trøyste og vekkje deg. Tilbakemeldingane på boka er at dikta går rett til hjarterota.

I tillegg til å lese uttrag frå boka si vil Siri gje oss ein smakebit på Skrivesamlingane ho til vanleg arrangerer i Bergen. Her får du utforske di eiga kreative skriving i eit trygt rom, utan krav om prestasjon.

Siri opplever at Skrivesamlingane kan vere litt som å sitje rundt eit bål og dele – med djup respekt for den enkelte si stemme og forteljing.

Ho har erfart kor helande det kan vere å få uttrykke seg gjennom eigne ord, lytte til andre og bli møtt med openheit og respekt.

Her kan du lese ein artikkel om Siri, nyleg skreven på Lyrikkforlaget: Dikt på bergensk - Lyrikkforlaget

Velkommen til mjuk landing på Overvoll denne kvelden <3 


Arrangementet er eitt av fleire aktivitetar under 15 års jubileumsfeiringa til Overvoll Retreat og Aktivitetsenter. Flott om du vil være med oss denne kvelden, men send oss ei førehands påmelding til: 40 45 70 62.

Arrangementet er gratis å være med på og passar for passe godt vaksne folk. Velkomne!

2026 © Stranda frivilligsentral