Overvoll Retreat og Aktivitetssenter feirar 15 år og inviterer til Jubileumshelg! Samtidig lanserer vi nye aktivitetar og gir ein første smakebit på eit nytt vintertilbod.
– Vi ynskjer å opne dørene meir for folk i Stranda og omegn,
og vise fram alt det som skjer på Overvoll!
Overvoll golfbane har ei historie som går 35 år tilbake, og nær 4000 golfmedlemmer har i dag bana som heimebane. Dei siste 15 åra har Overvoll arbeidd med å utvikle fleire aktivitetar under paraplyen Overvoll Retreat og Aktivitetssenter.
I dag omfattar verksemda mellom anna golfbane, gjestehus, permakulturhage og ulike arrangement, kurs og opplevingar.
Denne langhelga er det også mulig å slå opp telt hos oss på Overvoll! Ta med ungane til ei kortreist oppleving! ''
Her kan du låne telt! BUA Strand | Støtteordninger for barn og unge
Arrangementet er gratis og passar for alle. Send oss likevel gjerne ei påmelding til tlf: 40457062 slik at vi også kjem i god jubiluemsstemning og kan være klar til å ta alle imot. Velkommen!