Torsdag 29 Oktober
Kl. 19:00 - 23:00, Losjelokala. 4. etasje Byrg-bygget
Venneaftan

𝗩𝗘𝗟𝗞𝗢𝗠𝗘𝗡 𝗧𝗜𝗟 𝗩𝗘𝗡𝗡𝗘𝗔𝗙𝗧𝗔𝗡 𝗛𝗢𝗦 𝗟𝗢𝗚𝗘 𝗙𝗥𝗜𝗔𝗥𝗘𝗡

📅 𝗧𝗼𝗿𝘀𝗱𝗮𝗴 𝟮𝟵. 𝗼𝗸𝘁𝗼𝗯𝗲𝗿 𝗸𝗹. 𝟭𝟵.𝟬𝟬

📍 𝗦𝘁𝗮𝗱: Kyrkjegata 23 (4. etasje i Byrg-bygget), inngang frå Sjøgata.

👔 𝗔𝗻𝘁𝗿𝗲𝗸𝗸: Normalt fint.

Kanskje er du nyinnflytta til Stranda og ønskjer å byggje eit nettverk på den nye heimstaden din? Eller er du ein travel småbarnsfar som ønskjer eit lite pusterom frå kvardagen? Kanskje er du berre på utkik etter noko sosialt og givande?

𝗞𝗩𝗘𝗡 𝗘𝗥 𝗩𝗜?

Annankvar torsdag møtest om lag 40 medlemmar i lokala våre – og det har vi gjort meir enn 400 gongar sidan Friaren starta her på Stranda i 2000.

Medlemmane våre spenner i alder frå midten av 30-åra til «godt vaksne». Felles for oss alle, uavhengig av alder, yrke og familiesituasjon, er at vi finn stor glede i fellesskapet, både i logearbeidet og i andre sosiale samanhengar.

Vårt einaste krav til medlemskap er at du er mann og over 21 år.

𝗩𝗜𝗟 𝗗𝗨 𝗩𝗘𝗥𝗘 𝗠𝗘𝗗 𝗣Å 𝗩𝗘𝗡𝗡𝗘𝗔𝗙𝗧𝗔𝗡?

Venneaftan vert arrangert kvart halvår. Dette er ein kveld der vi opnar dørene for interesserte, fortel om arbeidet vårt og svarar på spørsmål.

Vi ønskjer både tidlegare medlemmar og nye interesserte hjarteleg velkomne. Ta gjerne med ein kamerat eller to!

𝗣𝗥𝗢𝗚𝗥𝗔𝗠 𝗙𝗢𝗥 𝗞𝗩𝗘𝗟𝗗𝗘𝗡

⚓ Vi får besøk av hamnedirektør Rita Berstad Maraak, som vil orientere om aktuelle saker frå Stranda Hamnevesen.

🍕 Vi serverer fleire typar pizza.

🏆 Det vert quiz med mange fine premiar!

𝗣Å𝗠𝗘𝗟𝗗𝗜𝗡𝗚

For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med vår leiar:

𝗝𝗮𝗰𝗸 𝗞𝗷ø𝗹å𝘀
📞 𝟵𝟳𝟭 𝟲𝟰 𝟬𝟵𝟰 (telefon/SMS)

𝗣å𝗺𝗲𝗹𝗱𝗶𝗻𝗴𝘀𝗳𝗿𝗶𝘀𝘁: 𝗢𝗻𝘀𝗱𝗮𝗴 𝟮𝟴. 𝗼𝗸𝘁𝗼𝗯𝗲𝗿

𝗛𝗝𝗔𝗥𝗧𝗘𝗟𝗘𝗚 𝗩𝗘𝗟𝗞𝗢𝗠𝗡𝗘!

2026 © Stranda frivilligsentral