Om programmet:
Oppstart: januar 2027
Varigheit: 12 veker
Tidspunkt: onsdagar kl. 08.30–11.00
Stad: Stranda frivilligsentral
Foreldrerettleiinga går føre seg i gruppe saman med 4–8 andre foreldrepar, og gir moglegheit for læring, erfaringsutveksling og støtte frå andre foreldre i liknande situasjon. Programmet har fokus på kva du som forelder kan gjere for å styrkje samhandlinga med barnet eller ungdommen, leggje til rette for auka sjølvstende og førebyggje rigiditet, vegring og åtferdsvanskar.
Kvar samling tek for seg eit eige temaområde, og innhaldet blir tilpassa deltakarane sine behov og erfaringar. Dei tre hovudområda ein arbeider med er positiv samhandling, tilrettelegging for læring og grensesetting.
Velkommen!
Arrangør: Eining for Barn, familie og meistring, Stranda kommune