Torsdag 5 November
Kl. 18:00 - 20:00, Stranda folkebibliotek
Gamingkveld
🎮 VELKOMMEN TIL GRATIS GAMINGKVELD PÅ BIBLIOTEKET! 🕹️

Gamingkveld er ein uformell møteplass der du kan spele, vere sosial og bli kjend med andre. Ungdommar vil ta deg imot, så det er berre å stikke innom – også om du kjem aleine! 😊


📅 Kvar torsdag kl. 18–20 

💸 Tilbodet er for alle, og du treng ikkje å vere ein gamer for å delta!  Ved behov deler vi oss i mindre grupper etter alder.

⚽ Vi har mellom anna FIFA, Flåklypa, Let’s Sing og mange fleire spel! Vi tek gjerne imot ønske om nye spel.

🍿 Nokre torsdagar blir det også servering!

Ta med ein ven eller to, eller møt opp aleine. Her er alle velkomne til ein kjekk kveld med gaming og sosialt samvær! 🥳🎮

Gratis inngang - håper vi sjåast! Følg oss gjerne på Facebook og Instagram for info for kvar gamingkveld. 

2026 © Stranda frivilligsentral