Fredag 5 April
Kl. 19:00, Kyrkjegata 23, 4.etg BYRG
Venneaftan hos Loge Friaren
Kanskje er du nyinnflytta til Stranda og ønskjer eit nettverk på den nye bustaden din, eller du er ein travel småbarnsfar som ønskjer eit lite pusterom frå kvardagen? Eller er du berre søkjande og på utkik etter noko sosialt og givande?
Velkomen til venneaftan hos loge Friaren fredag 5. april kl. 1900

Antrekk: normalt fint.
Stad: Kyrkjegata 23 (4. etasje Byrg-bygget), inngang frå Sjøgata.
KVEN ER VI?
Annankvar torsdag møtest ca 40 brør i lokala våre - og det har vi gjort meir enn 400 gongar sidan Friaren starta her på Stranda i 2000.
Medlemmane våre spenner i alder frå midt i 30 åra til "godt vaksne". Felles for oss alle er, uavhengig av alder, yrke og familiesituasjon, at vi finn stor glede i felles samvær både i losjearbeidet og andre sosiale samanhengar.
Vårt einaste krav til medlemsskap er at du er mann og over 21 år.
Vi har forresten også ein kvinneleg, likestilt del av Ordenen. Dei heiter loge Storfjord her på Stranda, og har sine eigne møte annankvar onsdag.
ODD FELLOW
Odd Fellow er eit av dei eldste brorskapa som finst. Sjølv om det finst dei som meiner å kunna spore eit slikt brorskap tilbake Romar-tida, stammar dei første nedskrivne linjene om Odd Fellow frå eit loge-møte på Globe Tavern i England i 1748. Dette var loge 9 så det er rimeleg å tru at det fanst minst 9 logar på den tida.
Elles vert danninga av The Independent Order of Odd Fellows frå skipingsmøtet 26. april 1819 i Baltimore, Maryland, rekna som oppstarts-møtet.
HUMANITÆRT ARBEID
Denne stolte tradisjonen med stor omsorg og humanitært arbeid er også i dag ein viktig del av arbeidet vårt.
I 2013 nådde ordenen sitt mål om å fullfinansiere ein Redd Barna landsby i Ngabu, Malawi, då meir enn kr. 25 mill. vart overrekt til Redd Barna.
Tre redningsskøyter er også foræra til Redningsselskapet.
Vi driv også sjukehuskafear gjennom Sirius Møre, for å gi oppmuntring til kreftpasientar ved Ålesund sjukehus. Dessutan gir vi støtte til mange lokale gode formål. Også lokalt i Stranda har vi bidrege med støtte til mange gode formål.
Men du finn oss ikkje på gatene for å samla inn pengar.
VÅRT ETISKE ARBEID
Odd Fellow er ein lukka orden i den forstand at vi har grader og ritual som brørne gradvis vert innvigde i. Dette er ei spanande reise - og for å bevare spenninga held vi hemmeleg kva som finn stad inntil du er "klar".
Målet er å hjelpe medlemmane til å utvikle ei meir medmenneskeleg livshaldning - og omsetje mottoet vårt i form av dei tre orda, "vennskap, kjærleik og sanning", til handling.
VIL DU VÆRE MED PÅ VENNEAFTAN?
Venneaftan vert halden kvart halvår, og er ein kveld der vi opnar dørene for interesserte for å kunne gi meir informasjon om oss, og dessutan svare på eventuelle spørsmål.
Kvelden startar med oppmøte kl. 1900 og held deretter fram med eit godt måltid med rakfisk og spekemat.
Vi får også besøk av Oskar Gjerde som vil ta oss med i korleis "Denne Stranda"arbeider, og kva som vil skje med prosjektet vidare framover.
For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med vår Overmeister Steinar Belsby
på telefon / sms 485 03 988 innan onsdag 3. april.

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral