Årsmelding for Stranda frivilligsentral 2023

2023 var nok eit år med mykje god aktivitet i Stranda frivilligsentral. Om du er interessert i arbeidet vårt og det vi jobbar med i Stranda kommune, er du hjartleg velkomen til å lese årsmeldinga til Stranda frivilligsentral for 2023.

Nytt styre og dagleg leiar

Mykje blei nytt i 2023. Aud Tomasgard Berstad gjekk av med pensjon 1.september etter mange år i leiarstolen til Stranda frivilligsentral og Ragnhild Stadheim tok over som ny dagleg leiar. Mange av aktivitetane er framleis dei same, og med same mål om å skape eit inkluderande samfunn der frivilligsentralen kan vere brubyggar mellom det offentlege og dei ulike frivillige lag og organisasjonane. Styret som satt i mange år gjekk også i stor grad av og nytt styre kom på plass.

Det nye styret er samansett av representantar frå alle dei fire bygdelaga og er no sett saman slik:

Leif Inge Salte  -     Leiar rep. Stranda (1år) 

Marianne Fivelstad -     Nestleiar rep. Hellesylt (2år) 

Greta Buloviene -     Styremedlem rep. Stranda (2år) 

Jan Håkon Vikane -     Styremedlem rep. Stranda (1år) 

Anita Langeland -     Styremedlem rep. Hellesylt (1år) 

Katrin Blomvik -     Styremedlem rep. Geiranger (2år) 

Odd Hågen Moen –      Styremedlem rep. Liabygda (1år) 


Stor variasjon i aktivitet

Årsmeldinga viser stor og variert aktivitet i året som var. 

Eit lite utdrag viser blant anna desse aktivitetane:

BUA Stranda opna i januar 2023. BUA er ein utstyrssentral med gratis utlån av frilufts- og sportsutstyr. Målet er å auke den fysisk aktiviteten, sosial inkludering og aktivitetsgleda. Eit godt folkehelsetiltak. BUA er drifta med midlar frå Bufdir og Gjensidigestiftelsen. Vi har eit godt samarbeid med Intersport Stranda. BUA har ope to dagar i veka, måndag og onsdag frå kl. 16-18:30

Språkkafé blir gjennomført med midlar frå Norges Frivilligsentralar og Sparebank SMN til å arrangere ulike aktivitetar med mål om å praktisere norsk og bli kjent. Flest ukrainere, men også litauiske, polske etc. Det har vore gjennomført alt frå buldring, tur, quiz og mykje meir.

Open hall er eit lavterskel tilbud for ungdomsskuleelevar som blir arrangert cirka kvar tredje fredag. Ungdommen får styre seg sjølve om det er volleyball, fotabll, spele musikk, airhockey eller berre henge. Seks frivillige i to lag som stiller på. 670 ungdom innom i løpet av 2023, eit gjennomsnitt på litt over 50 ungdom per gong.

Den Kulturelle Spaserstokk er eit prosjekt for å arrangere kulturtilbod for eldre med midlar frå fylkeskommunen. Dei to siste åra har vi hatt samarbeid med Festspela i Geiranger. Målet er å kunne bringe musikk til dit dei eldre bor.

Juleglede blei eit stort prosjekt på slutten av året i fjor. Prosjektet blei flytta over til frivilligsentralen, og gjennomført i samarbeid med Røde Kors Omsorg og Sunnylven Sanitetslag. Heile 68 mottakarar, 135 menneske, inkludert 50 born fekk glede av midlane og gåvene vi delte ut. 

Her kan du lese i detalj det vi har gjort i 2023: Årsmelding 2023

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral