Møte om oppstart av Naturmøteplassen

Tysdag 09.april inviterer Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd til eit ope møte om oppstart av Naturmøteplassen på Stranda.

Naturmøteplassen er eit lågterskel og uforpliktande tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris på hyggelege møte med andre. Bålet brenn og kaffien er klar i eit fast tidsrom på ein fast stad ein bestemt dag kvar veke. Blide og inkluderande vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, og spanderer varm drikke med noko attåt - og slår gjerne av ein prat. 

Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der ein både kjem seg ut på tur og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. Tilbodet er til personar i alle aldrar som er ledig på dagtid. Det kan vere permitterte, arbeidsledige, pensjonistar, uføre, barnehagar, skuleklasser, personar som tek lunsjen sin der, foreldre i permisjon eller personar som kjenner seg einsame. Nøkkelen til suksess her er at dette er til fast tidspunkt, at det er uforpliktande, at dei som kjem kjenner seg inkludert og så veit vi at praten går mykje lettare ute i friluft.

Friluftsrådet dekker utgiftene til ved, kaffi, utstyr osb, med midlar frå Miljødirektoratet og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Friluftsrådet kan ordne det praktiske med naturmøteplassen og opprette konto på ein av dei lokale butikkane i Stranda som det kan handlast inn frå.

Ein essensiell del av prosjektet er å ha vertar som tek i mot dei som går tur til destinasjonen og kan koke litt kaffi og servere noko å bite i. Prosjektet vil ha behov for vertar, og kanskje er du ein av dei?

Friluftsrådet har foreslått både Helsemvika og Långhammaren som destinasjon for Naturmøteplassen.

Vi inviterer difor til eit ope og uforpliktande møte der Hilde Ellingsæter frå Sunnmøre Friluftsråd kjem for å fortelje litt om prosjektet og erfaringane frå andre kommunar.

Tid: 09.april 2024, kl. 11.00 – 12.00

Stad: Stranda Frivilligsentral

Vel møtt!

Kontakt

Øyna 13
6200 Stranda

Organisasjonsnummer
987764740

Sosiale media

2024 © Stranda frivilligsentral