-
Møte om oppstart av Naturmøteplassen
Tysdag 09.april inviterer Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd til eit ope møte om oppstart av Naturmøteplassen på Stranda.
Første frivillig forum i regi av frivilligsentralen
Omlag 50 personar frå 25 organisasjonar deltok på det første Frivillig forumet i regi av Stranda frivilligsentral.Frivillig forum er ein ny samhandlingsarena for frivilligheita i Stranda kommune. Tysdag 23.januar vart det første forumet i regi av Stranda frivilligsentral gjennomført i Storfjord Kulturhus.
Denne gongen var det lag og organisasjonar i Stranda tettstad som var invitert til ein kveld for å dele med andre, få inspirasjon, nye idear, nye samarbeid og kjennskap til kvarandre.
Ordførar Einar Arve Nordang ønska velkomen med ei helsing til deltakarane, før Bjørg Jacobsen tilsett i Stordal frivilligsentral fortalte litt om frivilligheita i Stordal.
Engasjerte deltakarar
Så var det tid for gruppeoppgåver der deltakarane fekk diskutere ulike problemstillingar som frivilligheita står i. Dette vart ein god halv time med engasjert prat. I oppsummeringa kom det innspel til mange gode forslag til moglegheiter for å skape enda betre rammer og løfte frivilligheita i Stranda.
Stranda frivilligsentral ser fram til fortsetjinga og nye Frivillig forum i framtida.
Del på:
-
Årsmelding for Stranda frivilligsentral 2023
2023 var nok eit år med mykje god aktivitet i Stranda frivilligsentral. Om du er interessert i arbeidet vårt og det vi jobbar med i Stranda kommune, er du hjartleg velkomen til å lese årsmeldinga til Stranda frivilligsentral for 2023.
-
GOD JUL!
Frivilligsentralen tek juleferie frå fredag 22.desember til onsdag 3.januar. Ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
-
83 gongar rundt jorda i årets Stikk UT!
I sommarens Stikk UT! har 40 000 deltakarar registrert nær 1 million turar. Dei har tilbakelagt 3,3 million km på dei ulike turane, noko som tilsvarar 83 gongar rundt jorda. Og når Stikk UT!-deltakarane i tillegg har lagt bak seg 78 000 høgdekilometer, tilsvarer det nesten 9 000 gongar opp Mount Everest.
-
Årets TV-aksjon til Redd Barna
Årets TV-aksjon går til Redd Barna og er til inntekt for barn ramma av krig og konflikt. Bli med som bøsseberar søndag 22.oktober!