-
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.Natteravnar har Stranda frivilligsentral hatt i mange år. Dei frivillige natteravnane har vore foreldre til elevar på ungdomsskulen. Stranda frivilligsentral har ansvaret for organiseringa av vaktene for Natteravnane.
Der er ingen faste datoar og tidspunkt for Natteravn aktivitet. Vaktene blir satt opp etter behov.
Del på:
-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
-
Bygdepuls
Velkomen til Bygdepuls! Første måndagen i månaden inviterer vi sosial møteplass på Frivilligsentralen. Målet med Bygdepuls er å møte nye og kjente menneske frå lokalsamfunnet. Saman kan vi bidra til å skape gode og inkluderande fellesskap. Bygdepuls er ope for alle og byr på møte mellom menneske krydra med litt enkel servering og kanskje ein liten aktivitet.
-
Naturmøteplass
Naturmøteplass er eit samarbeid mellom Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd. Naturmøteplass er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.
-
Open hall
Open hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.