-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .Arrangementet er for alle nybakte småbarnsforeldre som ønskjer å møtast over ein kopp kaffe og ein hyggeleg samtale.
Barseltreffet er organisert i samarbeid med Stranda helsestasjon.
Neste Barseltreff
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Tor 03.09 | 11:00 | Barseltreff | Stranda Frivilligsentral |
| Tor 17.09 | 11:00 | Barseltreff | Stranda Frivilligsentral |
| Tor 01.10 | 11:00 | Barseltreff | Stranda Frivilligsentral |
| Tor 15.10 | 11:00 | Barseltreff i Ringstad barnehage | Ringstad barnehage |
| Tor 29.10 | 11:00 | Barseltreff | Stranda Frivilligsentral |
| Tor 12.11 | 11:00 | Barseltreff | Stranda Frivilligsentral |
| Tor 26.11 | 11:00 | Barseltreff | Stranda Frivilligsentral |
Del på:
-
Bygdepuls
Velkomen til Bygdepuls! Første måndagen i månaden inviterer vi sosial møteplass på Frivilligsentralen. Målet med Bygdepuls er å møte nye og kjente menneske frå lokalsamfunnet. Saman kan vi bidra til å skape gode og inkluderande fellesskap. Bygdepuls er ope for alle og byr på møte mellom menneske krydra med litt enkel servering og kanskje ein liten aktivitet.
-
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
-
Naturmøteplass
Naturmøteplass er eit samarbeid mellom Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd. Naturmøteplass er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.
-
Open hall
Open hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.