-
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
Naturmøteplass
Naturmøteplass er eit samarbeid mellom Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd. Naturmøteplass er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.Aldersgruppe: For alle
Bålet brenn og kaffien er klar (og gratis) annakvar onsdag i oddetalsveker frå kl. 12-14 på Långhammaren på Stranda. Blide vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, spanderer varm drikke og slår gjerne av ein prat.
Naturmøteplassane er eit godt folkehelsetiltak der folk både kjem seg ut på tur og samtidig har det sosialt og kjekt saman med andre. Tilbodet er til personar i alle aldrar som er ledig på dagtid.

Neste Naturmøteplass
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Ons 09.09 | 12:00 | Naturmøteplassen på Långhammaren | Långhammaren, Stranda |
| Ons 23.09 | 12:00 | Naturmøteplassen på Långhammaren | Långhammaren, Stranda |
Del på:
-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
-
Bygdepuls
Velkomen til Bygdepuls! Første måndagen i månaden inviterer vi sosial møteplass på Frivilligsentralen. Målet med Bygdepuls er å møte nye og kjente menneske frå lokalsamfunnet. Saman kan vi bidra til å skape gode og inkluderande fellesskap. Bygdepuls er ope for alle og byr på møte mellom menneske krydra med litt enkel servering og kanskje ein liten aktivitet.
-
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
-
Open hall
Open hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.