-
Barseltreff
Det er barseltreff på Stranda frivilligsentral anna kvar torsdag .
Bygdepuls
Bygdepuls er ein sosial møteplass for innbyggarar i Stranda kommune. Første måndagen i kvar månad inviterer vi til ulike aktivitetar ved Stranda Frivilligsentral. Aktivitetane er gratis og ope for heile familien. Dette er ei moglegheit til å bli kjent med nye innbyggarar på tvers av alder, kultur og bakgrunn. Vel møtt!Del på:
-
BUA
BUA Stranda er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Ein kan låne utstyr til det ein likar eller utfordre seg med aktivitetar ein aldri har prøvd før.
-
Natteravner
Samarbeid med FAU på ungdomsskulen og Tryg.
-
Naturmøteplass
Naturmøteplass er eit samarbeid mellom Stranda Frivilligsentral og Sunnmøre Friluftsråd. Naturmøteplass er eit tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre.
-
Open hall
Open hall er ein sosial aktivitetsarena for elevar på ungdomsskuletrinnet i Stranda kommune.